Kilder
Gårder, hus og steder i gamle Nes

Vi skal i det følgjande konsentrere oss om den delen av Nesbyen som vi vanlegvis kallar Gamle Nes. Som nemninga tilseier er dette den eldste delen av Nesbyen, og den har verkeleg særpreg over seg.
Når ein reiser nedover i Europa, oppdagar ein snart at det ikkje er mykje av det vi kallar landsbygd med gardane liggjande spreidt utover landet. Her er det meir vanleg at gardshusa ligg samla i små landsbyar med markene omkring. I Gamle Nes har ein langt på veg denne europeiske modellen i og med at dei gamle gardane ligg samla langs Møllevegen og med jordene/åkrane spreidt utover Nes-flata. Avgrensinga av Gamle Nes er noko diskutert i og med at det ligg gamle trehus også utanfor det området vi nå skal halde oss i.


Vi skal velja å ta utgangspunkt i området omkring Nes Bru/Hajembrua som ligg over Rukkedøla, og vi skal følgje Møllevegen som går på sørsida av elva. Næraste "nabo" til brua på nordsida er garden Bruvollen.
Det store hovudhuset her er frå 1780-åra, men i bygningen ved sida av frå 1926 låg butikken på Bruvollen. Denne  vart driven på 1900-talet i tre generasjonar Thorberg. Dei dreiv då òg Hallingdal Bokhandel som nå er flytta til Kjøpesenteret, og ligg under Perstølen Libris. Før Thorberg overtok butikkdrifta, sto det ei lita stugu her der den første butikken i Hallingdal var. Denne vart oppretta i 1828, og mannen bak etableringa heitte Johan Peter Thams. Han var son av fogd Jacob Thullin Thams. Dette kan ha vore grunnen til at han fekk bevilling til å starte landhandleri. Det var elles mot handelslova på den tida å etablere slik handel på bygdene

Når vi begynner turen oppover Møllevegen, begynner vi òg ein tur gjennom mykje interessant stilhistorie.  I dette strøket var det dei fleste av embetsstanden i bygda og andre "kondisjonerte" held til. Dette vart merkbart på byggestilen i området då denne braut ein god del med den måten bøndene vanlegvis bygde på her oppe i fjelldalen. I og med at vi vil vise ulike stilartar i dette strøket, skal vi  begynne med eit fint eksempel på funkishus frå 1936 representert ved huset som Superkjøp held til i (Sandanbråtenhuset).
 
Trivind Helsesenter (Hajemhuset) er nyrestaurert og pyntar opp sentrum med fin sveitserstil. I 2008 fekk dette huset Nes kommunes byggeskikkpris.
 
På andre sida av gata har Berggården/Hjørnegården nettopp vorte pussa opp og har verkeleg vorte eit positivt blikkfang  i strøket. Verandaen i to høgder med søyler gjev bygningen preg av nyklassisisme. Den nyoppretta, koselege butikken, Kreativ, gjev elles heile huset eit inntrykk av intimitet.
.
Mange vil hevde at nabohuset, Bjerringgården, er det mest staseleg av alle dei gamle husa i Møllevegen. Bygningen vart påbegynt i 1750- eller 1760-åra, og var då eigd av kaptein Giert Biering. Etter han vart eigedomen berre kalt Bjerringgården. Slik bygningen nå står, vart han utforma sannsynlegvis i 1850/-60-åra. Her med unnatak av påbygget mot Møllevegen som vart gjort av L.K. Ødegård på slutten av 1920-talet. Det var eigaren, Otto Knoph Rømcke, som sto for utbygginga av huset. Dette vart eit fint eksempel på empirestil i arkitekturen. Vindaugene er i rokokkostil. Denne stilen vart vanleg frå ca 1750-talet, men vart brukt langt ut på  1800-talet. Det er truleg at vindaugene er slik dei var i den opphavelege bygningen. Utforminga av dette huset vart òg kalla sorenskrivarstil i og med at mange sorenskrivarbygningar vart bygd slik.
.
Når vi går vidare oppover Møllevegen, går vi nå på fortauet som Rømcke lot laga. Dette skulle nok gi inntrykk av noko bymessig. Fortauet kalla dei på fransk måte til overmål for trottoar ! Fint skulle det vera. Den fyrste vegen til venstre fører oss gjennom ein allè til sorenskrivargården, Olsgard. Både hovudbygningen og kontorbygget vart bygd i 1827. Det var då den fyrste sorenskrivaren her, Johan Peter Ernst Lunde, som sto for bygginga. I og med at det hadde vore tingstad på garden før, er det truleg at det sto eit rimeleg stort hus her frå før, men dette vart riven. Dei nye husa vart bygd i den tidas statusgjevande stil, empire. Den fyrste kontorbygningen brann ned alt i 1829, men Lunde fekk bygd nytt bygg alt i 1830, og dette er det som står der i dag. Stilen på den nye kontorbygningen viser oss altså korleis begge husa såg ut. Vi kan spesielt merke oss den heilvalma takkonstruksjonen med "kinavippen". Dette finn ein ein del av særleg i borgarskapshus frå 1700-talet langs kysten. I 1877 vart hovudbygningen bygd om og vart òg gjort noko større. Nå var det sveitserstilen som var den statusgjevande måten å bygge på, og det er tydeleg at denne har vore retningsgjevande for ombygginga.
Frå 1843 til 1852 heitte sorenskrivaren i Hallingdal Ove Gude. Betre kjent er nok sonen hans, Hans Gude, som vart blant dei mest kjente nasjonalromantiske målarane våre. Han var mykje omkring i nærområdet, spesielt langs Rukkedalselva, og måla her mange godt kjende bilde. Hans Gude hadde mange kontaktar blant kultureliten  i samtidas Norge, og mange av dei kom hit på besøk. Blant dei som har budd i hovudbygningen kan vi nemne målarkollegaene Tidemand, Eckersberg, Frich og ein tysk målar som heitte August Becker. I dagboka si gjev Becker ei levande skildring av livet på garden, og vi kan då også få innsyn i den himmelropande skilnaden på embetsmannskulturen samanlikna med den lokale hallingkulturen. Komponisten Halvdan Kjerulf og Jørgen Moe var her i slutten på 1840-talet. Moe hadde då besøk av gamle nesningar som sat i skrivargarden og fortalde sagn og eventyr til han. Frå seinare tider kan vi jo ta med at den tidas kronprinspar, Sonja og Harald, besøkte garden i 1990.

Næraste nabogard heiter Devegge. Her vart det drive hotell til langt ut på 1950-talet av familien Øye. I gjesteboka her frå 1800-talet finn ein namn på mykje fint folk både av adelsfolk og kongelege. Gardsnamnet har ei spesiell historie. Det vil ta alt for mykje spalteplass å gå inn på den i detalj her. Vi skal berre opplyse at etter sagnet kom det eit ungt par hit frå ein plass som heiter Dunvegan ute på Hebridane ein gong på 1400-talet. Dette var skotske adelsfolk som hadde rømt heimanfrå, og som nå etablerte seg på ein mildt sagt isolert plass inne blant dei norske fjella. Dei kjøpte seg grunn, og kalla garden sin etter heimstaden sin. Med tida vart  Dunvegan  til Devegge. Meir utførleg om denne historia kan du lesa i årboka for Hallingdal, DØLAMINNE 2002, eller leite fram historia på heimesida til Nes Historielag.

På andre sida av Møllevegen ligg Nystugu. Hovudhuset her er frå 1867, og vart bygd av Otto Knoph Rømcke. Denne bygningen kan ein trygt karakterisere som eit prakteksemplar på sveitserstil. Denne stilen slo verkeleg gjennom på landsbygda i Norge frå 1860-åra, og i Nes har vi mange som bygde inspirert  av denne stilen frå mellom-Europa. Etter at Nystugu i fleire år sto tom og viste tydelege tegn på forfall, vart eigedomen kjøpt av folk med innsatsvilje og sans for estetikk. Dei har pussa opp, og kan i dag vise oss eit hus som aldri har vore finare, og som vi bygdafolk er glade for å kunne vise fram som ein pryd for bygda vår.

Det neste huset oppover er den gamle tingstugu frå 1600-talet. Dette huset skal vera det eldste våningshuset i Nes. I og med at dette er bolighus, har det vorte modernisert med panel og står altså ikkje fram som så gammalt som det faktisk er.
        Vidare oppover kjem vi til fire gardar som alle er mellomaldergardar. Det er Nes prestegard, Onsgard, Tollefsgard og Havardsgard. Prestegarden er truleg den garden som gamle protokollar nemner som Næs-garden. Då har heile kommunen fått namn etter denne garden. Hovudbygningen i prestegarden og i Tollefsgard er bygde i sveitserstil. Den nye bygningen i Tollefsgard vart sett opp i 1885, mens bygningen i prestegarden er frå 1895. Det gamle huset i Havardsgard er frå 1700-talet. Når vi nå har med desse gamle storgardane å gjera, må vi òg ta med Arnegård på andre sida av Rukkedalsvegen. Sjølv om det er lenge sidan det var dyr på garden, blir det elles drive full gardsdrift her. Når ein køyrer oppover Rukkedalsvegen og kjem til Nes barneskole, vil ein sjå Arnegård framom seg som ein spesielt fin og velhalden gard. Hovudbygningen er eit godt eksempel på nyklassisisme. På liknande vis som med den tidlegare nemnde Berggården, kjem stilen mest til uttrykk ved den store verandaen. Det klassiske preget blir forsterka av dei kraftige, runde søylene. Ein gravhaug på oversida av garden vitnar om svært gammal buseting her.

.
På vandringa gjennom Gamle Nes har vi ennå ikkje nemnt husa som dei fleste bygdafolk budde i: hallingstugu. Det har nok vore slike stugu på kvar einaste gard i dette området, men i dag er det berre tre eksempel å vise til. Det er i prestegarden, i Onsgard og i Tollefsgard. Den vanlege hallingstugu besto av tre rom: eit opphaldsrom som òg var kjøkken og to soverom. Det kunna òg vera berre eitt soverom.  I noko større hus var det òg vanleg med ein hems.

Vi skal avslutte denne framstillinga ved den gamle kyrkjegarden. Her står nå menighetshuset som vart bygd i 1926. Stavkyrkja sto her til ho vart riven i 1864. Nes nye kyrkje vart teken i bruk i 1862. I 1965 vart det gjort arkeologiske undersøkingar her. Då kom ein fram til at stavkyrkja var bygd midt på 1200-talet, men at dette ikkje var den fyrste kyrkja på staden. Den fyrste vart bygd truleg midt på 1100-talet, men den brann ned og vart altså erstatta av den siste stavkyrkja. Det er visse indikasjonar på at det kan ha vore ein slag kultstad der endå tidlegare, men dette må vi la liggje her.
.

Tekst: Einar Hanserud
Historie, fortellinger og sagn fra Gamle Nes